Postkassetrimmen

Med Postkassetrimmen kan du samle fjell når du går til dei. Sjekk inn når du er innanfor 75 meter av eit punkt i kartet, og bidra til din eigen statistikk. Du får oversikt over kor mange turar du har gått, til kor mange ulike fjell du har gått, og andre ting som kor mange høgdemeter du har stige. I tillegg kan du samanlikne din progresjon med andre i leiartavlene.

«Trimmar» er konkurransar som turlag eller Postkassetrimmen står bak. Trimmane kan ha ulike mål, som å samle poeng, gå til ulike fjell eller begge delar. Om du klarar eit mål i ein trim, kan du smykke deg med det på profilsida di.

«Bragder» er personlege utfordringar som kan vere kva som helst. Til dømes kan ei bragd vere å gå til fjell over 1000 moh., vitje fjell i fleire kommunar, eller vitje fjell med «nut» i namnet. Kanskje du kjenner konseptet som achievements/trophies/badges frå andre spel og appar. Likar du å utfordre deg sjølv? Då er dette perfekt motivasjon.
Finn ut mer
Skjul
4,9
13 totalt
5
4
3
2
1
Laster inn …

Dette er nytt

I denne versjonen er den mest synlege endringa at botnmenyen har fått eit lite redesign. Det er òg fiksa ein feil i e-postfeltet i registreringsskjemaet, og det er lagt til ei ekstra sikring mot at ein slettar profilen sin ved uhell. Elles er det gjort ein del kodemessig vedlikehald.
Finn ut mer
Skjul

Tilleggsinformasjon

Oppdatert
1. juli 2020
Størrelse
29M
Installeringer
1 000+
Gjeldende versjon
2.4.0
Krever Android
5.0 og nyere
Egnethet
Interaktive elementer
Brukere samhandler, Deler sted
Tillatelser
Levert av
Mats Byrkjeland
©2020 GoogleNettstedets vilkårPersonvernUtviklereArtisterOm Google|Posisjon: USASpråk: norsk
Ved å kjøpe denne varen gjør du en transaksjon med Google Payments, og du samtykker i vilkårene for bruk og personvernreglene for Google Payments.