Or for deg som ikkje finn ord

In-App-Käufe
10+
Downloads
Altersfreigabe
Jedes Alter
Screenshot
Screenshot
Screenshot
Screenshot

Über diese App

Appen "Or for deg som ikkje finn ord" hjelper deg med ord-mangelen. Endeleg.

Det er rart med det. Det skal noko til for å skildre akkurat det du vil formidle; ei oppleving, ei kjensle, ei lukt, ein smak, ei hending, ein ting. Det er så kjent på mange måtar, så opplagt. Og så står du likevel der og stotrar: “…men, altså … Ah, du skjøner kva eg meiner!” – og slår hjelpelaust ut med armane.

Det kan ikkje vere tvil: Me manglar ord.

Men ikkje nå lenger!

Med “Or for deg som ikkje finn ord” får du endeleg ord for alle desse opplevingane, kjenslene og tinga. Som f.eks. ”Den strålande ideen som kjem like før du sovnar, men som er heilt borte når du vaknar.”

Ja, berre slå det opp. Her får du eit fint, enkelt ord som du kan ta med deg inn i kvardagen din.

– Og på din stad! For orda (orsak, ora) du finn her, finst faktisk allereie! Dei støvar ned i utmarka og døyr ut med gamle folk. Dei heng på skilt, peikande til unnselege, små og større stader, eller dei sirkulerer på folkemunne. Frå folkemunn til folkemunn.

Me tykkjer det er synd at flotte ord som “momoen”, “gjæslingan”, “skoklefall” og “nesoddtangen” skal miste muligheitene for å nå lengre enn berre til skiltet sitt. Så med dette prosjektet kastar me dei inn i språket att i eit gigantisk redningsprosjekt. Bort med støv! Alle fortener ein ny sjanse!

Og det lover me deg: dei kjem til å gjøre mykje meir nytte for seg enn alle slags valium-ord som 'synergi', 'funksjon' og 'prosess'.

– Per Henning & Kjell Inge
Aktualisiert am
06.10.2024

Datensicherheit

Was die Sicherheit angeht, solltest du als Erstes verstehen, wie Entwickler deine Daten erheben und weitergeben. Die Datenschutz- und Sicherheitspraktiken können je nach deiner Verwendung, deiner Region und deinem Alter variieren. Diese Informationen wurden vom Entwickler zur Verfügung gestellt und können jederzeit von ihm geändert werden.
Keine Daten werden mit Drittunternehmen oder -organisationen geteilt
Diese App kann die folgenden Datentypen erheben
Standort, Finanzdaten und 2 andere
Daten werden bei der Übertragung verschlüsselt
Du kannst das Löschen der Daten beantragen

Neuigkeiten

Me knuste eit par kryp i denne nye versjonen, og me likar det. Ikkje heilt ein hulbak, håpar me. Men kanskje.

Support für diese App

Telefonnummer
+4790070619
Informationen zum Entwickler
The KIT as
kjellinge@thekit.no
Ryfylkegata 45 4014 STAVANGER Norway
+47 90 07 06 19