FelâtunBey og RâkımEfendi

· SKALDS klassikarar Book 10 · Skald forlag
Ebook
224
Pages

About this ebook

«Felâtun bey og Râkımefendi» (1875) er eit av dei mest kjende verka til den folkekjære tyrkiske forfattaren Ahmet Mithat. Det er ein samtidsroman frå Det osmanske riket, skriven i ein periode prega av vestleggjering. Romanen kan både lesast som ein parodi på feilslått europeisering og som eit bidrag til å setje tradisjonelle samfunnsordningar under debatt. For å balansere impulsanefrå aust og vest, skaper forfattaren to parallellfigurar. Felâtun bey, den europeiserte snobben, lever eit dekadent liv, med alvorlege følgjer. MotspelarenRâkımefendi representerer tradisjonelle, muslimske verdiar og arbeidsmoral. Stilistisk kombinerer Ahmet Mithatimpulsarfrå populære europeiske føljetong-romanar med ironien i den orientalske forteljartradisjonen og skuggeteateret. Romanen er også eit interessant tidsdokument som gir lesareneit unikt innblikk i Istanbul på slutten av 1800-talet. Romanen er omsett av Gunvald Axner Ims (f. 1979). Han er omsetjar med master i tyrkisk frå Universitetet i Oslo og doktor i tyrkiske språk frå Uppsala universitet. Ims har forska på Orhan Pamuk og på ironiske framstillingar av vestleggjering i tyrkiske romanar. Han debuterte som tyrkisktalande hjå ein vertsfamilie i Izmir skuleåret 1996–97, og har sidan studert og forska i Istanbul over fleire år. Sidan sin debut som tyrkiskomsetjar i 2004 har han mellom anna omsett AslıErdoğan, Ahmet Altan og Ahmet HamdiTanpınar. Ahmet Mithat (1844–1912) var ein engasjert folkeopplysar, fødd i Istanbul, og ein av dei første romanforfattarane i tyrkisk litteratur. Livsverket hans omfattar rundt 40 romanar, fleirenovellesamlingar og litteraturkritiske artiklar. Etter fleireomflakkande år som førte han til Balkan, Bagdad og Rodos, returnerte han til Istanbul i 1870-åra og etablerte seg som avismann, utgjevar og kulturkritikar. Han hadde band til den moderne reformrørsla, men stilte seg samstundes kritisk til den utsvevande og europeisk-inspirerte livsstilen til mange i hans generasjon, og gjorde «den europeiske snobben» til ein sentral litterær figur.

Rate this ebook

Tell us what you think.

Reading information

Smartphones and tablets
Install the Google Play Books app for Android and iPad/iPhone. It syncs automatically with your account and allows you to read online or offline wherever you are.
Laptops and computers
You can listen to audiobooks purchased on Google Play using your computer's web browser.
eReaders and other devices
To read on e-ink devices like Kobo eReaders, you'll need to download a file and transfer it to your device. Follow the detailed Help Center instructions to transfer the files to supported eReaders.