Fyrste kjærleik og annan kortare prosa

· SKALDS klassikarar Book 3 · Skald forlag
Ebook
178
Pages

About this ebook

I novella Fyrste kjærleik møter vi ein namnlaus uteliggar utan andre ønske enn å få vere i fred på benken sin. Lulu forstyrrar han, og etterkvart blir han forelska. Fyrste kjærleik var ein av dei første tekstane Beckett skreiv på fransk, rett etter krigen i 1945, men han vart først utgitt i 1970 og på engelsk i 1973. I boka har Jon Fosse valt ut denne saman med fem andre kortare tekstar: Kasta ut, Nok, Pling, Dei farne bort og Løyse. Beckett skreiv smått om det store. Med ei stadig meir minimalistisk tilnærming sirkla han rundt mennesket sitt komplekse tilvære. Personane i Becketts tekstar verkar på same tid både nyfødde og livstrøytte, og tilbyr lesaren eit nytt og uvant blikk på verda. Mest kjend er nobelprisvinnaren frå 1969 for teaterstykka, men sjølv såg han på prosaen, og særleg dei kortare tekstane, som den viktigaste diktinga si. Samuel Beckett (1906–1989), fødd og oppvasken i Dublin, var ein av dei mest vesentlege forfattarane i det tjuande hundreåret. I 1928 flytta han til Paris og byrja etter kvart å skrive fransk, noko han i hovudsak fortsette med resten av livet. Novelprisvinnaren har hatt ein uvurderleg påverknad på heile den moderne litteraturen frå andre halvdel av førre hundreåret til i dag.

Rate this ebook

Tell us what you think.

Reading information

Smartphones and tablets
Install the Google Play Books app for Android and iPad/iPhone. It syncs automatically with your account and allows you to read online or offline wherever you are.
Laptops and computers
You can listen to audiobooks purchased on Google Play using your computer's web browser.
eReaders and other devices
To read on e-ink devices like Kobo eReaders, you'll need to download a file and transfer it to your device. Follow the detailed Help Center instructions to transfer the files to supported eReaders.