Luster Sparebank Mobilbank

1k+
Nedlastinger
Egnethet
Alle
Skjermdump
Skjermdump
Skjermdump

Om denne appen

Gjer kvardagen enklare med mobilbanken frå Luster Sparebank. Du kan sjekke saldo, overføre mellom eigne konti, betale rekningar og behandle eFaktura, medan du er på farten. Pålogging er forenkla med bruk av 4-sifra kode eller fingeravtrykk.

Aktivering
Når du har lasta ned og installert appen, må du identifisere deg. Du kan identifisere deg med:

• BankID på Mobil
• BankID
• Kodebrikke og passord

Under aktiveringen vel du ein 4-sifra kode. Vi anbefaler at du lagar ein annan kode enn den du brukar for å låse opp telefonen. Koden vert nytta til pålogging og til signering. Støttar telefonen din lesing av fingeravtrykk, kan du nytte fingeravtrykk til innlogging og signering.

Logg inn
Du loggar inn i mobilbanken med fingeravtrykk eller den personlege 4-sifra koden som du valde under aktiveringen.

Informasjonskort
Informasjonskorta øvst i mobilbanken gir deg varsel om nye eFaktura, tips og anna relevant informasjon. Du kan sjå igjennom korta ved å dra korta til høgre eller venstre. Du kan slette kort ved å trykke på X øvst i høgre hjørnet på kortet. Kort du har sletta kan ikkje gjenopprettast.

Menyar
Mobilbanken inneheld 2 menyar.
• Hovudmeny
• Funksjonsmeny
Hovudmenyen finn du øvst i venstre hjørnet. Her har du tilgang til dei fleste tenestene i mobilbanken.
Funksjonsmenyen får du opp ved å trykke på ein av kontoane i kontolista, og du får opp val knytta til kontoen, som Betal rekning, Overføring mm.

Gå til nettbank
Ved å velje "Gå til nettbank" frå hovudmenyen, får du tilgang til same funksjonalitet og meny som i nettbanken. Enkelte sider i nettbanken er ikkje tilpassa mobilen enno, det vert jobba med forbetring.

Dette får du tilgang til i mobilbanken

• Varsel med Informasjonskort
• Kontoliste med alle kontoane dine
• Kontoliste med alle kontoar du disponerer
• Siste bevegelsar på konto
• Overføring mellom eigne kontoar
• Betale rekningar, med og utan KID
• Betal, godkjenn, endre eller slett eFaktura
• Forfallsregister
• Hente PIN på kort
• Endre Regionsperre
• Sende og motta melding til/frå banken
Oppdatert
6. mai 2024

Datasikkerhet

Sikkerhet starter med en forståelse av hvordan utviklere samler inn og deler dataene dine. Fremgangsmåtene for personvern og datasikkerhet kan variere basert på bruk, region og alder. Utvikleren har oppgitt denne informasjonen og kan oppdatere den over tid.
Ingen data deles med tredjeparter
Finn ut mer om hvordan utviklere deklarerer deling
Denne appen kan samle inn disse datatypene
Personopplysninger, Økonomisk informasjon og 4 til
Dataene krypteres ved overføring
Du kan be om at data slettes

Nyheter

- Mindre forbetringar og feilrettingar